Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen oppvekstsenter markerte Samisk folkedag

Dordi Jorunn Halle Onsdag 6. februar 2019

Ved Todalen oppvekstsenter er det lang tradisjon for å feire Samefolkets nasjonaldag 6. februar og flagget blir heist til topps. I år vart det ein topp dag både med lassokasting, lunsj og film frå «reinsrace» i Tromsø.

Kenneth demonstrerer lassokasting – han er farfar til tre av elevane ved skulen. Foto: Torill G

Markeringa starta ute med lassokasting. Instruktør og hjelpesmann var Kenneth som har vore reinsgjetar i nær 40 år på Valdresflya. Han kunne fortelje at det krev mykje trening for å bli ein dyktig lassokastar. På skulen i dag fekk elevane prøve å kaste lasso mot eit hjortehovud med stort gevir – men det var kjøle vanskeleg å treffe! Kenneth forklarte at det var lettare å kaste lasso mot ein rein i fart – reinen spring inn i lassoen og blir fanga. No er ikkje lassokasting så mykje brukt i reindrifta lenger sørpå – det er berre når ein skal fange inn sjuke dyr. Beste avstanden for lassokasting er mellom 10 til 15 meter. Flott at elevanne vart kjend med ein slik gammel tradisjon i reinsdrifta.

I hallen var både elevar og ungane frå barnehagen samla for å få kjennskap til samisk tradisjon knytta til klede, reinsdrift, musikk – joik. Det vart også vist film frå konkurranse i kappkjøring med rein – spennande.

Godt brød og sunt pålegg. Alle åt godt. Foto: Dordi J H

Til slutt vart det felles lunsj servert av Todalen bondelag i gymsalen. Her vart det servert rykande ferskt og sunt brød frå steinomnsbakeriet til Karin Åsbø på Nordvik, egg frå Pestua og kakaoen var koka på mjølk frå Todalen mjølk. Smør, pålegg og grønsaker var handla inn på Halsbua. Kjempegod jogurt frå Utigarden på Kvennset – her er dei i ferd med å bygge opp eit gardsmeieri – interessant. Det var tydeleg at maten smaka godt – brødfata måtte fyllast opp fleire gonger. Ungane viste god bordskikk – roleg og triveleg måltid!

God bordskikk – kjekt å få maten servert! Foto: Dordi J H

Måltidet vart avslutta med at elevrådsleiar Edel Therese takka Bondelaget for riktig god mat og servering!

 Ståle Ansnes kunne fortelje at Bondelaget har servert lunsj på oppvekstsenteret heilt sidan starten av 1990-talet – altså ein snart 30-årig lang tradisjon! Slett ikkje verst – og Ståle sjølv har lang fartstid her. Han har koka mange liter god kakao opp gjennom åra!

Styret i Todalen bondelag serverte lunsj, populært tiltak på oppvekstsenteret. Frå venstre: Per Åke. Aasmund, Ståle, Siv og Olav. Foto: Dordi J H.

Berre ein ting skar seg i dag – det var overskya og sola braut ikkje gjennom skylaget. 6. februar er dagen sola kjem att til oppvekstsenteret – altså er dette dagen for solfest. Vi får håpe ungar og tilsette får sjå sola i morgon!

Ylva Synnøve har eit fint samesjal som ho har fått med farmor. Farmor har knytt på dei fine frynsane. Her er Ylva i lag med Oda som er vikar på skulen. Foto: Dordi J H

Elevrådsleiar Edel Therese takka for maten. Her i lag med rektor Britt. Foto: Dordi J H

Fleire bilete frå lassokastinga:

Kenneth ordnar til lassoen. Foto: Britt M.

Slik skal du kaste! Foto: Britt M

Oi! Eit flott kast! Foto: Britt M.

 

 

 

Publisert: 6. februar 2019, 19:18