Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Todalen.no  er  eit  år!

Todalen.no er eit år!

Ole Petter Talgø Torsdag 26. august 2010

24. august 2009 blei første innlegg lagt ut på Todalen.no, altså for eit år sidan. På det siste året er det blitt publisert 980 saker på siden, som tilsvarar fleire kvar dag. Eit av måla våre med å starte sida var å halde den aktiv, noko desse tala viser at vi har klart. Sjølvsagt håpar vi at dette også fortsett framover, og vi arbeider med å gjera sida enklare, mer attraktiv og brukarvennleg. Til sakene har det blitt publisert omtrent 2000 bilete frå store og små arrangement, turar og aktivitetar i bygda.

Då vi starta lura vi på om det var interesse for ei nettside for bygda, og om folk ville besøke sida. Det var tydeleg ein unødvendig bekymring, og sida oppstarten har vi hatt meir enn 116 000 besøk på sida, og over 300 000 sidevisningar. Trafikken har vore aukande kvar einaste månad utanom sommarmånadene, men også då med ein mindre nedgang enn det som er vanleg på nettet. No ligg vi på rundt 3500 besøk kvar veke, noko som tilsvarar 500 forskjellige besøkande kvar dag. Vi har hatt besøk frå alle kontinent, og frå meir enn 50 forskjellege land. Nedanfor finn du trafikkgrafen, som viser vekebesøket på Todalen.no det første året.

Trafikk for Todalen.no det første året.

Vi håpar også å kunne tilby dagsaktuelle Todalsnyheter framover, og legg oss ikkje ned og kviler på laubæra sjølv om resultatet til no har vore over all forventning.

Publisert: 26. august 2010, 14:51