Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen kyrkje: 650 på gudsteneste på nettet

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. april 2020

Gudstenesta på nettet må vel kunne oppsummerast som ein suksess.  I skrivande stund på tysdags morgon er det 650 som har lasta ned linken og starta visning av nettgudsteneste frå Todalen kyrkje som vart vist på påskeaften.  Det er 3-4 gong så mange som det er plass til i kyrkja. 

Gudstenesta vart sendt på påskeaften kl 23, og det var vel såpass seint på kvelden at det var mange som ville vente til neste dag med å sjå overføringa.  Linken til gudstenesta ligg nemleg ute, og det er enno ikkje for seint å sjå opptaket frå påskegudstenesta på nettet – her finn du linken for å sjå opptaket frå påskegudstenesta i Todalen kyrkje!

Publisert: 14. april 2020, 07:22