Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Todalen-Kvanne – minutt for minutt

Todalen-Kvanne – minutt for minutt

Jon Olav Ørsal Måndag 26. august 2013

I kveld er det premiere for nylaga video om ferjeturen frå Todalen til Kvanne «minutt for minutt». Ein treng vel ikkje grave så djupt etter den ideen, etter NRK har vist Hurtigruta langs kysten på denne måten. Etter at skipperen «nylanserte» ideen søndag, vart det bestemt at turen frå Todalen måndag kl 9.15 var eit høveleg tidspunkt. Visste at Jon Are Husby hadde litt erfaring med dette, og han var habil til å være med på eit forsøk.

Vi troppa opp på ferjekaia med kvart vårt kamera og tilhørande stativ, og rigga oss til på kvar vår bruving på ferja. Så snart ferja starta ut frå ferjekaia i Todalen sette vi igang kamera, som fanga inn turen utover fjorden med nokre få sekund mellom kvart bilde. Resultatet måtte vi sjå på da vi kom til Kvanne, og vi kunne konkludere med at han som hadde lengst erfaring fekk best resultatet. Kjørte ny runde på turen innover fjorden igjen, men da vart fargenen dårlegare med lyset mot oss.

Da var datafangsten gjort, men resultatet var slett ikkje ferdig med dette. Jon Are satt heile ettermiddagen for å legge inn stillbilda som eit supplement til sjølve videofilmen frå turen. Vart til og med nødt til å slå opp i brukarhandboka for kamera og lesa brukanvisninga for programvaren for å få til dette. Men til slutt vart filmen ferdig på eit vis, og da stod det att å få lagt den ut til sjåarane. Vi hadde da ei videofil på rundt 800 MB, som skulle distribueres. Da var gode råd dyre, og vi såg for oss eit stort problem.

Ein tanke som slo oss, var at dette er det nok ungdommen som kan best. Ein rask telefon til Steinar Gjeldnes i nabolaget, bekrefta at det var rett vurdert. Han stillte på eit kvarters varsel, og ei stund etterpå var alle problem løyst. Dermed er det klart for premiere for filmen frå ferjeturen frå Todalen til Kvanne – minutt for minutt. Det er berre å klikke på linken, så startar visninga. Videoen varer i 4,10 minutt.  Sjåarane får vurdere produktet, men det er heilt sikkert eit stort forbetringspotensial i produktet. Takk til mannskapet på Førdefjord for hjelpsamheita og for velsmakande svele til kaffen.

Publisert: 26. august 2013, 22:39