Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I dag: Todalen I.L. – byr på bacalaomiddag

Jon Olav Ørsal Søndag 29. oktober 2017

I dag, søndag 29. oktober inviterer Todalen Idrettslag på middagservering i Todalen ungdomshus.  Da er det bacalao som står på menyen, og med klippfisk frå Finnøy og Åse Ville Redalen som kjøkkensjef ligg det an til ein skikkeleg kulinarisk ettermiddag i ungdomshuset.  Kl 15 blir det utdeling av krus og premier frå trimgruppa og ski- og friidrettsgruppa.

Frå kl 14.00 og eit par timar utover blir det altså middagsservering denne dagen. Og sjølv om du nok skal blir mett av hovudretten som er bacalao, så blir det servert sviskegraut med fløyte til dessert – og kaffe etterpå. Og prisen er slett ikkje avskrekkande – kr 150,- pr kurvert – «all inclusive»!  Inntekta av dette middagsarrangementet går til drift og vedlikehald av ungdomshuset.  Serveringa er det ski- og friidrettsgruppa og trimgruppa som tek seg av – og dei vil nytte arrangementet til å dele ut premier og merker til sine deltakarar på skimerke, idrettsmerke og besøk på trimposter.

Inntekta går til drift og vedlikehald av huset, fortel Steinar Frøystad, Åse Redalen og John Moe, som altså inviterer til bacalaomiddag neste søndag den 29. oktober. Foto: Jon Olav Ørsal

Todalen idrettslag vil også nytte høvet til å hjelpe folk med oppdatering av sin medlemsprofil som ligg i Norges idrettsforbund. Dette vil bli gjort frå ein eigen stand, og vi kjem med litt meir informasjon om dette i eiga sak i løpet av veka.

 

 

Publisert: 29. oktober 2017, 10:00