Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Todalen er isolert – dette kan ta tid!

Todalen er isolert – dette kan ta tid!

Jon Olav Ørsal Onsdag 31. juli 2013

Todalen er framleis isolert frå omverden. Etter skaden som raset gjorde på veg og kraftlinje onsdag i 9.30-tida er heile Todalen utan strøm og det 100 meter brei raser har reist med vegbanen i ca 50 meter bredde. Der vegen gikk er det no renska ned til fjellet, og det vil bli eit omfattande arbeid å få til at ny veg.

På eit informasjonsmøte no i kveldinga har beredskapsgruppa i Surnadal kommune og folk frå Svorka delteke med tanke på dei stor utfordingane dette raset har skapt i bygda. Førsteprioritet har sjølvsagt liv og helse, men også problem med vareforsyning og drivstoff vil ganske snart skape problem. Det er fleire gardsbruk som treng kraftforleveransar, og over helga skal produksjonen starte på Talgø. Ved Talgø blir det sjølvsagt problem med varetransport ut og inn, i tillegg til problem med strømforsyninga.

Det var Ragnar Halle som hadde teke initiativ til informasjonsmøtet, og fra Surnadal kommune deltok varaordførar Lilly Gunn Nyheim, kommunalsjefane Inge Skogheim og Karin Halle. Vidare var Per gjelnes på plass frå lensmannskontoret sam daglig ledar Hallvard Fjellvær med fleire frå Svorka energi. Folk frå Talgø og andre næringsdrivande var invitert og i tillegg deltok eit 50-tal bygdefolk og andre på møtet.

Når strømmen er ute skaper det store problem for informasjonstenesta. Det er enno kontakt å få via fasttelefon hos telenor, medan Telenors mobilnett er nede. Netcoms mobilnett kjøres no på agregat, men det fører til redusert hastighet på datatrafikken. På Todalen.no brukar vi dette nettet no i kveld, da dette er det einaste som er tilgjengeleg. Svorka jobber på spreng for å finne løysing på strømproblemet. Alt no i kveld er det håp om at dei første agregata kan kome til bygda. Det vil imidlertid ta tid før alle har fått strøm igjen.

Geologen som har vore i Todalen i dag vil ikkje sleppe folk inn i terrenget, da det enno ligg fleire store steinblokker som kan kom til å rase nedover i rasområdet. Før ein kan sleppe folk inn i området må rasområdet sikrast, og det kan ta tid. Det vart nemt at det kan ta ei heil veke før ein kan starte arbeid med å få til midlertidig eller permanent veg inn til Todalen igjen.

Det vil bli organisert båtskyss frå Svinvika og inn til Todalen. Korleis dette vil bli blir avgjort i morgon og det vil kome informasjon om torsdag etter at kommunen får bitane på plass. Det er også etablert ei lokal beredskapsgruppe som folk som treng det kan ta kontakt med i Todalen. Vi kjem att med meir info om den.

Elles vil det bli eit nytt informasjonsmøte torsdag kl 14 (Obs! korrigert). Det skjer på Talgø og det vil utover dagen i morgon kome på plass info på plakattavla på Matkroken dersom nye moment kjem inn i bildet. Det er nemleg få i Todalen som har nettilgang på grunn av strømmangelen og derfor vanskeleg å informere gjennom Todalen.no.

Først publisert: 31. juli 2013, 19:47 - Sist oppdatert: 1. august 2013, 11:07