Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Toåa: No bit laksen

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. juli 2019

Etter at laksefisket starta 15. juni har det vore variabelt fiske, med 3-4 lakser de par første dagene og deretter har det vore både for lita og for stor vassføring. Etter at siste regnvêret ga seg har vassføringa gått ned frå rundt 30 m3/sek til rundt 10 m3/sek i dag. Det blir rekna for å være fin fiskarelv, og etter at sola har varma litt er også temperaturen på plass. Sjølv om ikkje laksebørsen er oppdatert veit vi at det i dag vart landa ein laks på 9 kg i Romåhølen.

Til saman er det meld inn fangst på 13 laksar og 6 sjøaure laksebørsen på Elveguiden.no, der den største som er registrert i år er på 9,3 kg og vart teken heilt i starten.  Det er påfallande mange storlaks i år samanlikna med tidlegare år.  No blir det berre spanande å sjå korleis fortsettelsen blir, seier tove T. Brøndbo i Todalen Elveeigarlag. 

 

Publisert: 6. juli 2019, 14:34