Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Toåa – Nedteljinga har starta

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. juni 2018

I skrivande stund er det rundt 8 timer til laksefisket i Toåa starta.  Det betyr også sesongstart på Todalshytta, der det er klare til å ta i mot gjestar.  Dei første gjestane er alt på plass, men det kjem fleire utover dagen, fortel Jan Larsen som er «plasskomandant».  På Todalshytta skal laksefiskarane treffes til middag i kveld, for å trøye av ventetida. På menyer står det skogsfugl som Frank Haugrim har sørga for – han var også først ute med laks på kroken da sesongen starta i 2017.

Klart for ny sesong på Todalshytta – torsdag kom dei første gjestane, og frå midnatt er laksefisket i gang. Foto: Jon Olav Ørsal

Todalshytta er klar for sesongstart – Terje Kristiansen som er dreng på Todalshytta var på plass alt 17. mai, og har lagt ned ein stor innsats med vasking, maling og snekkering dei siste vekene.  No er det altså klart for innrykk av laksefiskarar som skal få med seg starten på laksefisket i Toåa.  Vassføringa i Toåa er derimot ikkje noko å skryte av akkurat no – knappe 4,0 m3/sek ved Storfossen er nok i minste laget, men det er lova litt regn, så det vi kanskje ta seg opp etter kvart.

På Todalshytta blir nok stemninga stigende utover kvelden, og startskotet går kl 00.00 presis, og da vil det nok være folk på plass rundt omkring i Toåa, som har ei lakseførande strekning på ca 8 km. Plass blir det nok til alle som vil være med frå starten.  Nytt av året er at du kan kjøpe fiskekort digitalt på nettsida www.inatur.no .  Her kan du både kjøpe kort og melde frå om fangsten din.  Nytt av året er at sesongkortet er tilgjengeleg igjen – med sesongkort kan du fiske laks i Toåa frå starten 15. juni til sesongslutt 15. augst.  Dette kan du lese meir om på Todalen elveeigarlags nettside todalslaks.no 

Ved halsabrua/Oddøyhølen er det klart for laksefiske frå midnatt 15. juni. Foto: Jon Olav Ørsal

Raudåhølen – fine forhold og klart for fiske. Foto: Jon Olav Ørsal

Ved stillhølen i Brusetmarka. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 14. juni 2018, 16:04