Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Toåa  –  midtsesongevaluering

Toåa – midtsesongevaluering

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. juli 2012

Direktoratet krev midtsesongevaluering av fisket i Toåa og ti andre elvar i Møre og Romsdal. Da vil dei ha inn alle fangsrapportar hittil i år for å vurdere om det er naudsynt med tiltak for resten av sesongen, som i Toåa går fram til 15. august. Todalen elveeigarlag ber derfor om dat dei som har teke laks og aure i tidsrommet frå 15. juni til no sender ei melding til ledar Ola Bruset, enten som SMS på telefon 915 95 894 eller som e-post bruset@svorka.net dersom fangstrapport ikkje er levert på ordinært vis.

Intensjonen med evalueringa er å vurdere graden av gytebestansdsoppnåing under vegs i seongen, og om det er naudsynt å sette i verk tiltak som kan styrkje gytebestanden. Her på Nordmøre er det Surna, Toåa og Eira som har fått slik pålegg, fortel ledar Ola Bruset i Todalen Elveeigarlag.

Publisert: 10. juli 2012, 22:03