Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Toåa: Gytebestandsmålet vart nådd

Jon Olav Ørsal Måndag 15. juli 2019

Fylkesmannen og Miljødirektoratet følgjer laksefisket i elvane, og signaliserte tidlegare i vår at det skulle gjerast ei midtsesongevaluering av laksefisket i elvane. For Toåa vart dette gjort for nokre dagar sia, og Todalen elveeigarlag konkluderer med at gytebestandsmålet er nådd, og er nøgd med det, seier leiar Asbjørn Karlsen.  Dermed er det klart at det ikkje blir sett i verk regulerande tiltak for laksefisket i Toåa. 

Yr.no melder om meir regn utover veka, så det blir vel fin fiskarelv etter kvart. Foto: Jon Olav Ørsal

Så langt i sesongen er det loggført 17 laksar på til saman 79 kg, som gir ei snittvekt på 4,6 kg. Den største laksen som er teken er på 9,3 kg og vart teken ein av dei første dagane. Måndag har det regna godt i Todalen, og det er bebuda meir regn utover veka. – Med stigande vassføring reknar vi med at også laksefiske vil svinge seg opp etter kvart.

Publisert: 15. juli 2019, 17:31