Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Toåa 2019 – sesongen ebbar ut

Jon Olav Ørsal Onsdag 14. august 2019

Når dette skrives er det knappe 30 timar til laksefiskesesongen 2019 er slutt i Toåa. I Toåa er det fiske etter dei anadrome fiskeslaga, laks og aure, frå og med 15. juni til og med 15. august.  Denne sesongen har vore prega av lite nedbør og dermed låg vassføring. Den siste tida har vassføringa vore mellom 1 og 2 m3/sek ved Storfossen, og det er alt for lite. Det bør være minst 8-12 m3 for at det skal vøre god fiskarelv, fortel erfarne laksefiskarar. 

I dag tok vi ein tur i elva for å sjå om det var fiskarar som ville ha med seg sesongslutten i elva.  Vi trefte til saman 4 veteranar på ein liten runde. Alle saman kunne berette om lang fartstid som laksefiskarar i Toåa og kunne skryte av både 20 og tretti år i elva. Alle samme n ga uttrykk for at dei trivdes her i Todalen – og at det ikkje berre var elva og fisket dei trivdes med, men også Kaffekroken og kontakten med bygdefolket.  Vi føler oss velkomne her, og derfor er det godt å kome attende – år etter år. 

Berre så synd at ikkje Todalshytta er opa, for det var så triveleg å bu der, og heile hytta osa av gammel historie frå engelsktida. No er vi henvist til å bu på Kvanne eller i Surnadal.  Jan Holm og Arild Andersen kjem frå Lørenskog og Moss, og dei to har vore her meir eller mindre kvart år dei siste 35 åra.  Vi har mange gode minner herifrå. Den gongen kunne vi fiske aure heilt uti september, og Toåa var litt av ei aureelv, mimra dei to da vi trefte dei ved Stillhølen. Vi er også litt skuffa over at enkelt av dei gode strekningane i elv har vorte reservert for privatutleie og at det er litt for mykje krattskog ved elva. 

Erik Greger tek sesongens siste kast i Raudåhølen. Årets resultat er 3 laks og 2 aurar. Men Erik er nok på plass igjen til neste sesong.! Foto: Jon Olav Ørsal

Erik Greger har også vore fast inventar i Toåa i alle år.  Resultatet så langt i år er 3 laks og 2 aurar, og han skal så sluttstrek i dag og reise heim. Han har vore uheldig og treft på periodane med lita vassføring i år. Det har ført til at årets sesong er svakare enn fjoråret da det også var tørke og lita vassføring. Greger er også talsmann for aurefiske utover i september – det var andre tider det.  Men kjenner vi Erik Greger rett, så er han på plass igjen når laksefisket startar neste år – og startar da på ny frisk og med ny optimisme. 

Robert Ljungqvist ved Raudåhølen – i år har han prioritert å vise fram Todalen og Nordmøre for bar og barnebarn – altså mest familietur. Foto: Jon Olav Ørsal

Robert Ljungqvist treffer vi også i Raudåhølen. Han har fiska i Toåa sia 1993, men det er no 9 år sia sist. Men jammen var det godt å være tilbake, men Olav Stengel som var ein god kompis den gongen er borte no. Vi tok mang ein kaffekopp saman på troppa hos han, og da vart det mange historier.  Eg ikkje fått noko på kroken enno, men eg har prioritert barn og barnebarn, så det har vorte mest familietur denne gongen. Tykkjer det er artig å vise fram Todalen og Nordmøre til dei også, men dersom helsa held så er eg nok på plass med fiskestonga neste sesong – du finn fred med deg sjølv i Toåa, seier Robert til slutt.

Frank Hauggrim med storlaksen – årets største laks i Toåa i år – 9,3 kg. Den gikk på kroken til Frank alt føste dagen i årets sesong! Foto: Privat

Vi har også fått ei triveleg helsing frå Frank Haugrim som kjem frå Rakkestad.  Han helsar til alle kjente, og rosar Elveeigarlaget for at dei gir tilgang til fiske i Toåa.  Han skriv at han og nokre kompisar har vore heldige og hatt tilhald på Todalshytta, også i år.  Han har funne ut at det i år er 70 år sia hytta har vore reservert eksklusivt for laksefiskarar, men sakna besøk frå redaksjonen i Todalen.no som har vore hyppig gjest dei seinare åra. 

Ein av kompisane som var med på dette var Tor Lerstang som fiska i Toåa i 47 år, elles minnes han «jugeræne» frå Halsa/Vågland som har gjesta Todalshytta og Toåa i eit 20-talls år. Hauggrim føler seg som ein nybegynnar med berre 10 års fartstid, men kan også skryta av at han er fast lesar på Todalen.no – også utanom laksesesongen. Så skal vi heller ikkje glømme å fortelje at Frank Hauggrim tok sesongen største laks på 9,3 kg – blank og fin og i god kondisjon.  Her kan vi nemne at ein av de innfødde – Ole Martin Øyen – var hakk i hel med ein laks på 9 kg blank!

 

 

Publisert: 14. august 2019, 19:32