Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

To på kurs – tok eksamen i sommarvarmen

Jon Olav Ørsal Onsdag 28. juni 2017

Bjørnar Strand frå Talgø og Håvard Halset var dei to einaste elevane som tok kurset «Utførelse av varme arbeider», der Sanitetshuset var kurs- og øvingslokale. Varme arbeidet vil seie utførelse av arbeid som kan skape brannfare eller arbeid der ein kan skade seg. Eksempelvis kan ein seie at bruk av vinkelslipar kan skape farlege situasjonar og dermed brannfare. Ein les fra tid til anna at brannårsaka er ukyndig bruk av f.eks vinkelslipar eller anna utstyr.

Det er firmaet Kurs og opplæring DA, der Per Egil fiske og Johan Almås er eigarar og instruktørar.  Den som gjennomfører kurset og avlegg eksamen med bestått som karakter får sertifikat for slikt arbeid. Stadig fleire forsikringsselskap krev at folk som driv med slikt arbeid har gokjenning.  Det som kreves er et 7,5 timers kurs, med både teori og praksis og dei to som deltok på kurset i dag tykte det var rart at ikkje fleire var med – det er f. eks. relevant kompetanse for gardbrukarar som driv og reparer forskjellig utstyr heime på garden.

Dei to – Bjørnar Strand og Håvard Halset, besto iallfall eksamen med glans og fikk utlevert sine vitnemål med karakteren «Bestått».

Publisert: 28. juni 2017, 18:02