Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
To nye todalingar!

To nye todalingar!

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. oktober 2011

Tysdag var det stor stas på Myrmo! Johan vart nemleg storebror til tvillingane Jakob og Lisa, som kom til verden på St.Olavs Hospital i Trondheim. Fødslane skjedde kl 02.58 og kl 03.11, natt til tysdag 25. oktober, og  Jakob var 3700 gram og Lisa var 3200 gram ved fødselen. Stolte foreldre er Line Marie Kvendset og Finn Ranes. Alt står bra til både med store og små, fortalte den stolte faren på telefon frå fødeavdelinga på St. Olavs Hospital. Dei blir nok nokre dagar på fødeavdelinga for å kvila ut, før dei kjem heim til Myrmo i Todalen. Todalen.no gratulerer så mykje!

Først publisert: 25. oktober 2011, 22:00 - Sist oppdatert: 26. oktober 2011, 13:54