Tjuvstarta Stangvikfestivalen med forspel
Stangvikfestivalen tjuvstarta pÃ¥ Pakkhuset Kro i Todalen torsdag kveld, og vil halde det gÃ¥ande til søndag med eit omfattande og variert program i Stangvika. Pakkhuset Kro var fullsett til siste plass med rundt hundre tilhørarar nÃ¥r Torbjørn Larsen ønska velkomen til forspel for Stangvikfestivalen 2010. Han kunne by pÃ¥ fleire godbitar denne kvelden, og broren hans Anders Larsen var først ute i kveldens program med Ã¥ spela “Polka med støyt” etter todalingen Hallvard Ørsal.
Vidare gikk det slag i slag, med Håkon Thelin som spela Klimaslåtten på sin kontrabass. Klimaslåtten var komponert av festivalkomponisten Maja Ratkje og vart førte gong framført på ein klimakonferanse tidlegare i år. Vidare var det Zumetrio med Trond Magne Brekka (fløyte), Kristin Jæger (Bratsj) og Johannes Wik (harpe) som fortsette programmet.
Neste post på programmet var musikk frå Seven Winds der Rolf-Erik Nystrøm fekk høve til å imponere tilhørarane med sin litt utradisjonelle handtering av saksofonen. Anders larsen og Else Bø avslutta første avdeling med sin tolkning av Beethovens Sonate op. 30 nr 3 i G-dur i tre akter.
Etter pausen slapp trioen Piong til pÃ¥ scena. Det var Rolf-Erik Nystrøm (saksofon), HÃ¥kon Thelin (kontrabass) og Frode Haltli (trekkspell) som var for sterka med festivalkomponisten Maja Ratkje (song og fiolin). PÃ¥ eit par av numra vart dei ogsÃ¥ forsterka med Trygve Brøske og Elsa Bø. Piong & co imponerte stort med sin musikk, og hausta stormande applaus frÃ¥ publikum som tydeleg lika det dei fikk høre.Â
Konsertkvelden var runda av med “Song til Todalen” som allsong, og som vart akkompagnert av heile musikarstaben frÃ¥ kveldens konsertprogram. Dette lova godt for resten av festivalprogrammet og publikum har mykje Ã¥ gle seg til under Stangvikfestivalen 2010 fram til søndag.
Nedafor finn du eit bildegalleri frå festivalforspelet på Pakkhuset Kro i Todalen.  Alle foto: Jon Olav Ørsal





































