Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tjønnmyran er eit av turmåla for StikkUt ski!

Jon Olav Ørsal Måndag 11. desember 2017

No er det klart for å presentere vinterens turmål for StikkUt ski.  Rundt om kring i Surnadal kommune er det 6 postar, der lysløypa på Tjønnmyran er ein av postane. Det er opna for registrering 15. desember, og alle StikkUT-postane er lagt til oppkøyrte løyper som er egna for både born og vaksne.

Fine forhold på Tjønnmyra no! foto: Jon Olav Ørsal

StikkUT ski har 50 for skjellige løypetraseear i 11 kommunar på Nordmøre og i Romsdal, og fungerer like ens som det ordinære StikkUT-opplegget, med kassar for registrering og notering av navn postane.

I Surnadal kommune er seks turmål med i årets Stikk-UT Ski!
Garthøglia, Nordmarka (blå)
Klåberget, Kvanne/Stangvik (blå)
Løålikjølen, Nordmarka (blå)
Magretlia, Nordmarka (grønn)
Tjønnmyran, Todalen (grønn)
Øygardshalsen, Kvanne/Stangvik (grønn)

På nettsida til StikkUT/Friluftsrådet finn du meir info om StikkUT ski og løypene.

Utsikt frå endestasjonen på lysløypa, med utsikt nedover bygda og til Todalsfjorden. Foto: Jon Olav Ørsal

Medan vegarbeidet pågår er det omkjøringsveg over Tjønnmyra for vegen til Kårvatn. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 11. desember 2017, 22:16