Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Til  Shanghai  på  møbelmesse

Til Shanghai på møbelmesse

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. september 2010

I forrige veke vart møbelmessa «Furniture China 2010» arrangert i Shanghai i Kina. Frå Talgø var salgssjef Rune Moe og PU-sjef Anita Talgø der, for å sjå på nye trendar og for å følge opp Talgø sine leverandørar og faste forretningskontaktar. Det vart 3 dagar på møbelmessa og 3 dagar med besøk hos eit 10-tals leverandørar i området rundt Shanghai. På heimesida til messearrangøren står det at dei venta ca 70.000 besøkande til messa frå tilsaman 160 land. Så det var eit yrande liv og mykje møblar.

Rune fortel at gikk mykje i antikke møblar, laga av såkalla resirkulerte materialer. Eller materialar som såg slik ut. Det var eit stort utval i design, og det nytta ikkje å rekke over heile messa i løpet av dei tre dagane dei hadde til rådigheit. Resten av tida vart bruka til besøk hos produsentar og forretningsforbindelsar, med mellom anna tilpassing av design til norske forhold.

Shanghai er også vertskap for verdsutstillinga «Expo 2010» i år. Rune fortel at byen bar tydeleg preg av dette, og han var imponert over kor fint det var der. Det var tydeleg lagt vekt på design på alle dei flotte byggverka i byen, og Shanghai lufthamn er halden for å være verdas finaste flyplass. Om kvelden var dei store skyskraparane pynta opp med mykje lys og lysreklame. Mellom anna var målingprodusenten Jotun representert med lysreklame der.

På tur til nabobyen Ningbo passerte dei verdas lengste bru. Den er 36 km lang, og går over ein fjordtarm for å kutte ned reisetida mellom byane. Den hadde 3 kjørefelt i kar retning, og da blir nok sjølv Hardangerbrua småtteri i samanlikning.

Det går vel eit døger for å reise til Shanghai. Sjølve flyturen tek 15-16 timar og i tillegg kjem både kjøring til flyplassen og venting på flyplassane. men verda er ikkje stor når man kan kome seg frå Todalen til Shanghai på eit døger, seier Rune Moe til slutt.

Først publisert: 16. september 2010, 06:00 - Sist oppdatert: 22. september 2010, 14:58