Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Til seters for å legge nytt tak

Til seters for å legge nytt tak

Jon Olav Ørsal Sundag 2. oktober 2011

Fredag og laurdag har det vore storstila taklegging på Jostusetra på Husbystølen i Romådalen. Lars Kvendset og Gunnar Nordvik starta arbeidet med å riva det gamle taket på Jostusetra fredag. Så vart det skifta sperrer og lagt nye trobord, før det igjen vart lagt på papptak og gjort klart til å legge nytt torvtak til våren.

 Jon Bruset, som var på tur i Romådalen fredag, har sendt oss nokre bilde frå arbeidet. Vi har også fått nokre bilde frå Lars Kvendset som viser det ferdig resultatet.

Bildegalleri fra taktekkjararbeidet på Jostusetra.     Foto: Jon Bruset og Lars Kvendset.

Publisert: 2. oktober 2011, 18:00