Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Til Nauståfossen i joggesko

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. februar 2014

Aldri har det vel vore finare forhold for å avlegge Nauståfossen på Kårvatn eit besøk. På eiga anbefaling tok vi turen laurdag, og frå parkeringsplassen på Kårvatn tok vi turen over brua og innover Myrvangvegen og turistlinja. Vanlige joggesko gjorde jobben godt, sjølv om det kanskje hadde vore betre med fjellsko. Stort sett var det barmark på turen innover, men litt is måtte ein nok ta hensyn til for å spare lårhalsen.

Med temperaturer rundt null, var det godt å kome borti sola og få litt ekstra lys og varme på turen innover myrane. Om eit par veker vil nok sola klatre over Storfjellet, og da blir det solgang utover heile dagen. Det tørre vêret i vinter har ført til at det er lita vassføring i elvane, og Nauståfossen var ikkje all verdens skue i dag. men det var flotte isskulpturar i fossane, og litt artig å sjå fossen på denne måten også.

Turen innover frå Kårvatn til Nauståfossen tek 20-30 minutt kvar veg. Men det er mykje å sjå på undervegs, så det lønner seg å leggje inn litt ekstra tid og kanskje ta med ei kaffekanne. Det er også bålplass ved fossen, men no er det knusktørt i terrengen og derfor ikkje tilrådeleg å fyre opp bål.

På tilbaketuren hadde vi lagt inn ein Cafe-runde på butikken til Kårvatn Fjellutstyr, der Ingvild lokka med både kaffe, ingefær-te og eplekake. Det vart det ikkje tid til denne gongen, men det var mange som nytta høvet til å stikke innom. Det blir nok nokre morsdagsgåver derifrå i helga.

Eit lite pocketkamera gjorde susen på turen, og nedafor har vi lagt ut nokre av bildeta og intrykka frå turen til Nauståfossen.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 8. februar 2014, 20:22