Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Til Inderdalen på plass igjen

Elinor Bolme Måndag 1. juni 2020

Etter mange arbeidstimar inne i verkstaden sin kunne endeleg Per Reiten konstatere at arbeidet vart velgjort. I dag gjekk nemleg turen til Innerdalsmerket med det nylaga skiltet som skal vise turistane som kjem frå Kårvatn vegen over mot Innerdalen. Skiltet er ein tru kopi av det gamle skiltet, som anslagsvis kan være frå tidleg 1900-tal i følge Ragnar Halle. 

Bokstavene er utskore for hand, her har ikkje ein elektrisk fres vore i nærheiten, fortel Per. Før bokstavene vart måla, fekk skiltet ei behandling med jernvitrol. Dette gjer at aldringa av treverket kjem raskare fram. Så etter eit par-tre år vil det ha fått ei grå farge fortel Per.

Gudmund Kårvatn, Per Reiten og Ragnar Halle monterer det nye skiltet.

Per kontrollerer at siste finpuss med raudmerking blir bra når Ragnar svingar kosten.

Det gamle blir no etter kvart å finne på stabburet på Kårvatn. Nora, Gudmund, Cathrine og Emil var med på å hengje opp nyskilte og tok med seg det gamle heimatt.

Infotavla på Innerdalsmerket har både kart og info om områda i rundt Kårvatn.

­

Publisert: 1. juni 2020, 16:22