Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tid for Kåre, Steinar og Larris

Elinor Bolme Onsdag 26. november 2014

Årets utgave av Vangsgutane er no i handelen, både i Todalen og ellers i kioskar og bokhandlarar rundt om i landet. Bladet er som vanleg gjeve ut på Fonna Forlag, og har handlinga lagt til Todalen. Også årets utgave er todelt, med ein ny og ein gammel del. Den gamle ført i pennen av Leif Halse og teikna av Jens R Nilssen frå hefter utgitt i 1950 og 51. Den nye delen er skreve av Sverre Årnes og teikna av Ivan Andreassen på tredje året. Henning Sommerro som etter kvart har vorte Vangsgutfan, er forfattar av forordet.

image

Larris slik dei fleste kjenner han, teikna av Jens R Nilssen.

image

I ny drakt, teikna av Ivan Andreassen.

Fonna Forlag har også i år gjeve ut ei samlebok, med alle utgivelsane frå Vangsgutane i tidsrommet 1943-1945. Denne har dei dessverre berre ei att av på Matkroken i Todalen, men kan nok fås tak i på andre utsalgsstader, eller ved å kontakte Fonna Forlag på post@fonna.no. Bind 1 som kom ut i fjor, inneheld alle julehefta frå 1940-42.

image

 

For den som ønsker enda meir Vangsgutstoff kan vi anbefale Fonna Forlag si heimeside.

Først publisert: 26. november 2014, 06:00 - Sist oppdatert: 25. november 2014, 20:39