Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tid for kantslått, men…

Jon Olav Ørsal Fredag 17. juni 2016

I gamle dagar var slått langs vegkantane såkalla «kårkaillarbeid». Seinare har det vore Statens vegvesen som har hatt ansvaret for fylkes- og riksvegar, og Surnadal kommune langs kommunevegane.  I løpet av den siste veka er det utført kantslått langs fylkesvegane rundt bygda, og det har teke knekken på store mengder med hundkjeks, lupiner og anna vekstar. Kommunevegane derimot, ventar framleis på kantslåtten – og vil nok vente forgjeves i år har vi høyrt rykte om…

Ein telefon til einingsleiar Terje Forberg bekreftar at det i år er belutta at det ikkje blir kantslått på nokon av dei kummunale vegane her i kommune. Pengemangel er årsaka, bekreftar Forberg. – Det har sist vinter vore store kostnader med brøyting og strøing, og det gjer at kassa er tom. Vi har dei seinare åra hatt unormalt lite brøytekostnader på grunn av lite snø og milde vintrar, men siste vinter var eit «normalår» og budsjettet for vegvedlikehald er dermed brukt opp. Han seier vidare at det også er andre aktivitetar som kantgrøfting, grusing og skråping som må vente av same grunn.

Kantslått_kristenB_0942

Det blir ikkje kommunal kantslått i år – Kristen Bruset tok saka i «eigne hender» og sørga for kantslått utover Nessamyran. Foto: Jon Olav Ørsal

Med tanke på foreståande turistsesong og mange tilreisande, kan vi kanskje oppfordre til at ein prøvar å slå sine eigne vegkantar kvar åt seg.  Kristen Bruset tok iallfall saka i «eigne hender» og køyrte beitepussaren på si strekning i dag. Kanskje det er fleire som kan gjera det på same måten til det blir prioritert meir pengar på dei kommunale budsjetta.

GKK_Kantslått_0946

…og jammen trefte vi ikkje ein av «gammelsorten» – Gudmund Kvendset tek finpussen på kantslåtten med ljå . Gudmund er forresten produsent av ljå-orv dersom det er nokon som har behov for det! Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. juni 2016, 14:41