Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Therese tok sin master…

Therese tok sin master…

Jon Olav Ørsal Fredag 23. desember 2011

I førre veke var det stor festivitas ved Handelshøgskulen BI i Oslo. Dei gjord stas på studentane som var ferdige med studiane, og som fikk sin mastergrad etter at masteroppgåva var bedømt og godkjent. Therese Talgø frå Todalen var mellom dei, og ho tok sin mastergrad i strategisk marknadsføringsleiing. Ho hadde skrive oppgåva saman med Espen Liseth Rødsjø frå Trondheim, og dei to gikk helt til topps i konkurransen om beste oppgåve. Som takk for innsatsen fekk dei diplom og gåvesjekk på kr 25.000 frå Orkla Brands.

Temaet for deira oppgåve var ”Kundedeltaking i marknadsføringa”. Det vil seie at kunden deltek  i produksjon av tenesta sjølv (eks. Kunden monterer sjølv ein møbel han har kjøpt, og gjer dermed møbelet ”ferdig”). Dei hadde drege mange element inn i oppgåva, og på mange måtar flytta grenser med sitt arbeid. Juryen som vurderte alle marknadsføringsoppgåvene plasserte Therese og Espen på toppen, og dermed vart det diplom og sjekk på 25.000 som premie.

Therese har no starta i jobb hos Nike Norge, som har hovudsete i Oslo.  Vi i Todalen.no gratulerer med innsats og resultat!

Først publisert: 23. desember 2011, 06:00 - Sist oppdatert: 22. desember 2011, 23:32