Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Terje vart heidra med «Eldrearbeidarprisen»

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. desember 2018

I dag var medlemane i Surnadal pensjonistlag samla til julemiddag i festsalen på Nordmøre Folkehøgskule. Dette er ein årleg foreteelse, og eit populært tiltak som samlar nærast full sal.  På programmet denne dagen var det ikkje berre julemiddag, men også song og musikk – og triveleg lag. Men høgdepunktet var kanskje utdeling av den årlege «Eldrearbeidarprisen» som kvart år går til nokon som har gjort noko spesielt som omsorg til glede og nytte for eldre. Og årets pris gikk til Terje Nordvik for mykje omsorg og omtanke for eldre – spesielt for bebuarane på sjukeheimen, der han ofte stikker innom på besøk.

Det var ordførar Lilly Gunn Nyheim som delte ut prisen. Foto: WØK

Vi gratulerer Terje Nordvik med velfortent pris, som han ikkje berre fikk for sine hyppige besøk på sjukeheimen, men også for å legge til rette for både gammel og ung i Kaffekroken på Matkroken Todalen.  Prisen er på kr 5.000 som han ga vidare og delte mellom Surnadal sjukeheim og Todalen Sanitetsforening, men halvparten kvar. Surnadal sjukeheim fekk eit måleri frå kunstnaren Sissel Halset Storslett, og Todalen Sanitetsforening fikk andre halvparten til noko gagnleg til sanitetshuset på Kvennset. Det var ordførar Lilly Gunn Nyheim som delte ut prisen, og det vart nok ei lita høgtidsstund med ordføraren med ordførarkjede til bords.

Terje ga uttrykk for at han ikkje skjønte kvifor akkurat han skulle få prisen, men det trur eg at alle som nyt godt av Terjes omsorg skjønar. Prisen er i høgaste grad velfortent, og vi trur at folk kjem til å få nyta Terjes omsorg også i fortsettinga.

Det var fullt hus i festsalen på Nordmøre folkehøgskule da Surnadal pensjonistlag arrangerte sitt julemøte. Foto:WØK

Leiar i Surnadal pensjonistlag Kristian Ranes saman med ordfører Lilly Gunn Nyheim. Foto: WØK

 

Publisert: 4. desember 2018, 18:03