Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tente lys og nissar på besøk

Elinor Bolme Laurdag 6. desember 2014

Årets julegrantenning i Todalen samla mykje folk utanfor Matkroken fredag i kveldinga. PT-utvalget hadde som vanleg rigga seg til med gløgg, pepparkaker og twist. Vêret var kanskje litt stussleg slik julestemningsmessig utan snø og sparkføre, men god temperatur gjorde at folket ikkje hadde det så alt for travelt med å bryta opp etterpå i det minste.

Nissane kom også innom ein tur. Utan slede på snøtomme ekrer, og hadde med seg pakkar til alle dei spente små som var frammøtte i anledninga. Årets nissar var tydeleg vis i rute til jul, da dei for ein gongs skuld tok seg god tid og poserte velvillige saman med dei tøffaste barna.

Under er eit lite bildegalleri. Alle foto ElinorB

Først publisert: 6. desember 2014, 06:36 - Sist oppdatert: 5. desember 2014, 23:15