Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I kveld: Temakveld om namn langs Toåa

Jon Olav Ørsal Måndag 14. oktober 2019

Måndag 14. oktober kl. 19:00 inviterer Todalen historielag til temakveld kveld i Todalen ungdomshus.  Denne kvelden er det namn langs Toåa som er hovudaktiviteten, men det blir vist mykje bilder på storskjerm og i fotoalbumar, så det kan eigentleg bli litt tå kvart denne kvelden, seier leiar i historielaget John Moe.  Vi er rett og slett ute etter å skaffe oss info om ting som vi ikkje veit nok om.

Vi håpar sjølvssagt at mange har høve til å kome og ta del i arbeidet med å samle inn historiske data, stadnamn og namn på folk. Vi har god erfaring med å få fleire til å ta del i dette arbeidet, og det er alltid slik at fleire veit meir enn ein åleine.  Todalen historielag byr på kaffe og bakels og sjølvsagt er alle velkomne på temakvelden!

På infotavla er namna på hølane på plass, men no er vi ute etter stadnamn ved og omkring Toåa.      Infotavle om Todalen: Utforming Rolf Nordvik

 

Publisert: 14. oktober 2019, 04:00