Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Temakveld: Nils Erik Ulset og Ingrid K. hagen «letta på sløret»..

Jon Olav Ørsal Fredag 16. juni 2017

Kvardagsaktivitetar var tema for Ingrid Kvendset Hagens foredrag på TILs temakveld i Ungdomshuset. Ho sette fokus på korsleis du sjølv kan påverke helsa di gjennom å være fysisk aktiv – og korleis dette gir målbare resultat.  Det andre foredraget var det Nils Erik Ulset som stod for – han fortalte om sitt «liv og virke» som idrettsutøvar og korleis dette har påvirka livet hans. Nils Erik er ein dyktig foredragshaldar som gav mykje av seg sjølv for å få til eit interessant foredrag og ei interessant historie om korleis hans handikap påvirka aktivitetane og korleis han takla det og kunne dra nytte av det.

Trening er den beste medisinen mot alt, fortalte Ingrid K. Hagen  – foto: Jon Olav Ørsal

Ingvild Kårvatn fortalte at bakgrunn for temakvelden var samarbeidet med Nils Erik Ulset og Todalsdagen – der han er ein slag ambassadør mot løparane og deltek mellom anna som startar under løpet. Ulset er sambuar med Ingrid Kvendset Hagen, og dei to har utvikla programmet for temakvelden i samarbeid og var difor samkjørte på kvart sitt plan. Ingrid er fysioterapeut og jobbar til dagleg i heimetenesta i Surnadal kommune, og ho er veldig opptatt av folk held seg i form og trenar for å halde kroppen i god trim. 

Trim og trening er faktisk den viktigaste og billigaste medisinen som finnes, og det dreier seg eigentleg berre om å sette ting i system og starte på med trening. Ho presiserte kor viktig det var å halde på med aktivitetar som du likar godt, men samtidig må du ta i litt slik at det kjennes. – Starte forsiktig og gi på meir etter kvart. I same slengen hører med å prioritere tid til egne aktivitetar og tid til å gjera ting saman med vener.  Og sjølvsagt er det større behov for å halde seg i form dersom du har stillesittande arbeid.

Nils Erik Ulset ga mykje av seg sjølv i foredraget sitt. Foto. Jon Olav Ørsal

Nils Erik Ulset starta med å fortelje om seg sjølv og korleis han handikap har påvirka val under vegs i karrieren. Han var i tenåringsalderen da han oppdaga at det var ting som ikkje stemte og gjorde at det vart ei karriere med «snublefot» som han sa. Nils Erik ga oss eit veldig interessant foredrag om målsetting, forbilder, framtidige mål og utfordringer – og samtidig kunne sjå at funksjonshemmingane kunne styrke andre funksjonar.

Nils Erik og Ingrid fikk blomster for innsatsen med Ingvild Kårvatn. Foto. Jon Olav Ørsal

Ein veldig interessant temakveld som trekte rundt 30 tilhøyrarar. Vi kunne og burde sjølvsagt vore fleire, men vi som var der fikk iallfall god valuta for oppmøtet.

 

 

Først publisert: 16. juni 2017, 06:00 - Sist oppdatert: 15. juni 2017, 22:02