Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Temakveld med Nils-Erik Ulset og Ingrid Kvendset Hagen

Jon Olav Ørsal Måndag 12. juni 2017

“Hverdagsaktivitet” er tema for Ingrid Kvendset Hagens foredrag og “Fra lek til toppidrett med handicap – hvilke muligheter det har gitt meg” vil Nils-Erik Ulset fortelje om. Det er eigenleg heilt unikt at Todalen Idrettslag får dei to, som er eit par, til å kome til Todalen for å ta del i idrettslagets temakveld.  Det skjer i Todalen ungdomshus torsdag 15. juni kl 19.

Ingrid Kvendset Hagen vil sette fokus på kor viktig det er at vi er i aktivitet i kvardagen – ho vil sette fokus på korleis du kan bli meir aktiv i kvardagen og kva helseeffekt dette har for både kropp og sjel. Ingrid Kvendset hagen er fysioterapeut og bur i Surnadal.

Nils-Erik Ulset skal som sagt fortelje om sitt liv og virke: «Fra lek til toppidrett med handicap – hvilke muligheter det har gitt meg»  Nils-Erik Ulset frå Tingvoll er mellom anna kjent frå si deltaking i Paralympics og andre konkurranser på internasjonalt plan – der han har henta heim fleire medaljer. Torsdag vil han dele sine erfaringer med oss i Ungdomshuset.

 

 

Først publisert: 12. juni 2017, 09:37 - Sist oppdatert: 13. juni 2017, 21:55