Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Temadag med premiere på aldersheimen

Temadag med premiere på aldersheimen

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. november 2011

Føre helga fekk vi besøk av Martinus Ranheim her på aldersheimen. Han hadde med seg ferske eksemplar av Stangvik Historielag sitt årsskrift for 2011 som vi fekk. Takk for gåva! Martinus las om Stangvik rundt 1890 ut ifrå eit bilete og eit måleri. Teksta er skrive av Terje Ramsøy-Halle og vi fekk mykje historie rundt gardar, heimar og hus! Mange av oss var kjente med noko av stoffet, men fekk høre mykje nytt! Vi var lydhøre på Blåstua denne føremiddagen.

Aleksander L. Kielland (1849-1906) var på besøk i Stangvik og det knytte det seg gode historier til. Vi kan godt anbefale heftet! Flott song fekk vi og, alle var med og song ”Den fyrste song” til slutt. Vi kan ikkje ha temadag utan at vi har kaffelag. Margit og Dagrun laga røre og varta opp med nydelige bakels. Tusen takk alle saman!

Først publisert: 16. november 2011, 00:23 - Sist oppdatert: 2. mai 2013, 00:02