Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Telefonen er i drift igjen

Telefonen er i drift igjen

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. februar 2012

Torsdag kveld kl 18.53 fekk todalingane summetonen igjen. Da kom både fasttelefone og mobilnetta til både Telenor og Nettcom på lufta etter at heile bygda hadde vore utan telefon sia natt til laurdag i 2-tida. Det er nok mange som er letta over det, for både tryggheitsalarmar, alle nødtelefonar, varsling til brannmannskap,  og alarmar tilknytta tekniske installasjonar har vore ute av drift. Nærare 6 døgn tok det altså for telenor å få utbetra feilen på Strengen. Heilt uforsvarleg seier mange, og dette vil nok få eit etterspel.

Det er kun IP-telefonane som har vore i drift den siste veka. I Todalen er det ikkje så mange som har det enno, men det spørs om det ikkje blir aktuelt etter dette. Det er andre gongen at heile telefonnettet i bygda er ute av drift, og det har skjedd på grunn av at sende- og mottaksutstyret på Strengen har vore nedisa. Sist det skjedde var i januar 2009, og det tok også den gongen fleire dagar før feilen vart retta.

Først publisert: 23. februar 2012, 20:22 - Sist oppdatert: 24. februar 2012, 00:13