Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tedros sørger for at vi får laurdagsavisa

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. august 2020

At vi får våre aviser på laurdag kan vi takke Tedros Haile Issak for. Han er avisbud for Todalen, og har også ansvaret for at Lykkjeeidet, Kvanne og Stangvika får sine aviser.  Kvar laurdag rykkjer han ut med ein stor avisbunke og kjører heile runden og heilt oppover til Kårvatn før han snur.

Tedros snakkar godt norsk, og fortel at han kom til Noreg frå Eritrea i 2014.  – Sia den gongen har han gått på skule, mellom anna for å lære språket.  No er han komen så langt på utdanninga som helsafagarbeidar at han er lærling hos Sunndal kommune og trivs godt med det. 

Jobben som avisbud har han teke på seg for å spe på økonomien, men han likar også å kjøre bil og trives også god med jobben som avisbud – sjølv om det blir litt travelt enkelte dagar. Litt skryt må nok Tedros få, for avisene kjem punktleg i postkassen kvar laurdag – det sørger Tedros for!

Publisert: 8. august 2020, 10:36