Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tap  i  oppkjøringskampen

Tap i oppkjøringskampen

Elinor Bolme Torsdag 26. juli 2012

I går kveld var det ein vennskapleg treningskamp mellom G19 laga Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen og Surnadal på Bordholmen. Resultatet vart 2-0 til Surnadal, der den eine scoringa vart i forbindelse med eit straffespark. Todalen.no kom i seinaste laget til å begi seg ut på eit utfyllande referat, då dei spela innskrenka omgangar på kun 30 minutt. Men etter kommentarane på sidelinja i etterkant vann Surnadal fortjent.

Manager Terje Nordvik fortel at Surnadal var suverene i heile 1. omgang og vann heilt klart fortjent! Det sto 0-0 ved pause, og laga vart litt jamnare i 2. omgang der det var nokre målsjansar til begge lag . Men tilslutt vart det til at S/T/K/U keeper Markus Nerdal måtte hente ut to ballar frå nettmaskene. Den eine på eit greit straffespark i følge Terje Nordvik, men vi skulle muligens hatt eit vi også i ein episode tidlegare… Uansett; det var verkeleg bra Surnadal tok turen innover for å ta ein treningskamp mot oss før vi dreg på Norway Cup no til helga, avsluttar han.

 

Etter endt kamp fekk alle spelarar på begge lag sponsoreffektar av handelsmann og manager Terje Nordvik i form av ein moteriktig caps frå Hals Oil-gruppen.

Til slutt vart det gratis brus, bakels og graut på alle gutane både på Surnadal og Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen. Leiar i forballgruppa,  Borghild Talgø bisto Terje med serveringa.

Publisert: 26. juli 2012, 18:34