Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Talgø markerer seg på hagemessa på Lillestrøm

Jon Olav Ørsal Fredag 20. april 2018

Det er delte meininger om kva som er vårens vakraste eventyr – det er nemnt både Holmenkollstafetten og saulamminga, men Norges varemesse på Lillestrøm nyttar slagordet i sin invitasjon til Hagemessa som opna fredag og har ope til og med søndag 22. april. Her er det 250 utstillarar som viser kva dei har å by på og Talgø MøreTre skjemmer slett ikkje laget.

Riggeteamet med Bjørn Sæterbø, Tormod Rachløw, Anders Fiske og Jon Hasselgård har lagt ned en kjempeinnsats gjennom lange dager i utstillingshallen på Lillestrøm. – Det er godt trøkk i hallen og vi er happy, seier marketingsjef Heid Snekvik som har vore prosjektleiar for Talgø MøreTres markering på Hagemessa 2018. Heid Snekvik og Bjørn Sætherbø har sendt oss bilder frå riggearbeidet og frå ferdig utstilling – ta ein kikk på bilda, for det vart litt av ein stand!

Bildegalleri frå Hag3emessen – fra monteringsarbeidet og ferdig utstilling – alle bilder Bjørn Sætherbø og Heid Snekvik

Publisert: 20. april 2018, 21:27