Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Talgø Element – dobla omsetninga i 2018

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. desember 2018

Talgø MøreTre sin elementfabrikk fikk ei dobling av omsetninga i 2018. – Det har sjølvsagt vore litt av ei utfording med ei slik auke – mykje jobb, men det det har vore artig.  Det er Svein Løvik, Erling Talgø og Arve Ervik som fortel dette til Todalen.no etter at siste rest er fakturer og dei har fått oppsummert året og landa på ei omsetning på rundt 71 millioner – mot 38 mill. i 2017.

Dei tre er sentrale leiarar i Talgø MøreTre sin Elementfabrikk – Svein Løvik er sjef for byggdivisjon i Talgø MøreTre, medan Erling Talgø er NK for Byggdivisjon, og Arve Ervik som er produksjonsleiar i Elementfabrikken.  – Dei tre skryter nærast uhemma av dei tilsette som har stått på for fullt heile året. Det har vært montering og igangkjøring av nye maskiner og mange nye styringssystem som er teke i bruk. Vi er rett og slett imponert over ståpåviljen vi har opplevd gjennom dette spesielle året, seier Erling Talgø. 

Elementfabrikken dobla mesta omsetninga i 2018 – fabrikken har ein ordrereserve på rundt 30 mill. til 2019. Jon Olav Roaldset og Ola Ansnes monterer eit av dei siste elementa som skal ut før jul. Foto: Jon Olav Ørsal

No ved årsskiftet er det lågsesong i elementbransjen, men vi har alt no ein ordrereserve på rundt 30 mill. til neste år, så vi reknar med at 2019 også blir eit aktivt år. No er det den faste staben som er på jobb – i overkant av 30 i talet. Men vi reknar med å auke på igjen utpå etterjulsvinteren og da blir vi nok fleire etter kvart som det blir ny sesong.  Men først skal vi no ha ein velfortjent juleferie og senke skuldrene nokre dagar, seier Erling Talgø til slutt.

 

 

Publisert: 20. desember 2018, 14:00