Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Talgø deltek på messe

Talgø deltek på messe

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. november 2010

Talgø deltek i helga på Byggmakkermessa på Eidsvoll, eller nærare bestemt på Dal. For første gong er Talgøbedriftene Møretre, T-Komponent og Talgø Møbelfabrikk presentert under eit felles varemerke; Talgø. Her viser dei sine produkt på ein splitter ny og flott messestand, og denne gongen er hovudvekta lagt på MøreRoyal-produkta, fortel marketingsjef Heid Snekvik.

Det er Byggmakker-kjeda som er arrangør av messa, og representantar frå alle landets Byggmakkerbutikkar inkludert butikkane i Surnadal, Bytås og Tredal er invitert dit. Snekvik fortel at messa opna i dag tidleg, og at det er god stemning og stor interesse for produkta som blir vist.

Nedafor finn du eit lite bildegalleri fra Talgø sin stand i Letohallen.  Alle foto: Heid Snekvik

Publisert: 6. november 2010, 16:00