Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Taklegging  på  høggir

Taklegging på høggir

Jon Olav Ørsal Sundag 7. mars 2010

På gammelfabrikken i Brusetmarka er Gunnar Nordvik og Lars Kvendset i gang med taklegging i dei nye utstillingslokala på baksida mot Toåa. Gunnar og Lars skal legge nytt tak i heile det 600 m2 store lokalet, og har rigga seg til med ei stillasvogn. Lokala skal mellom anna bli utstillingslokale for MøreTre,  som no satsar for fullt på sitt hovudprodukt MøreRoyal.

Bygget er forlengst kome under tak og er fullisolert. Når taklegginga er ferdig står vegger og gulv for tur, og det nye bygget vil bli klart til å takast i bruk utpå våren ein gong.

Publisert: 7. mars 2010, 11:02