Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Takk til Kristian

Bernt I Bøe Tysdag 31. oktober 2017

Kristian Settem vart takka med blomster og gåve under gudstenesta i Åsskard kyrkje søndag. Han sluttar no som kyrkjetenar etter eit kvart hundreår i kyrkjeleg arbeid.

Soknerådsleiar i Åsskard, May Britt Johnsen, overrekte blomster frå arbeidsgjevaren, Stangvik og Surnadal kyrkjelege fellesråd.

Kristian takka med eit lite tilbakeblikk. Han starta i kombinert stilling som kyrkjetenar og klokkar i Todalen i 1991. Seinare fekk han ansvar for innetenester og kyrkjegardsarbeid i heile Stangvik prestegjeld og etter kvart i resten av fellesrådsområdet. 

Stell av kyrkjegardane har betydd mykje for meg, sa han og oppfordra alle til ofte å besøkje familiegravstadene og halde dei ved like. – Utan forkleinelse for dei andre kyrkjene i Surnadal må eg elles innrømme at eg er særleg glad i Åsskard, der eg både er døypt, konfirmert og gift, føydde han til.

Hustavle

Frå kyrkjelyden fekk Kristian ei fint dekorert hustavle, laga av Sigrun Hesjehagen. I samband med overrekkinga takka organist og arbeidskamerat Bernt Bøe for det Kristian har utretta, både praktisk og symbolsk, opp gjennom åra. – Du har sørga for lys og varme, rydda veg og opna dører, fått klokkene til å skape høgtid og har ordna kyrkjegarden til ein verdig kvilestad, sa han. Som organist rosa han dessutan Kristian for den flotte stemmen som alltid har krona salmesongen.

Og utan å overtolke teksten kan den tradisjonrike hustavla vera ei grei påminning inn i pensjonisttida, vart det sagt: «Gud bevare dette Hus for Ildebrand og Tyve, Kjerringprat og Djevelskap, Mus og Lus og tomme Fat.»

Flott kyrkjesøndag

Messa i Åsskard var familiegudsteneste og opna med barn, konfirmantar og vaksne i festprosesjon. Lille Selma vart døypt og Mia, Emrik og Leander vart glade eigarar av Barnas Kyrkjebok. Takkofferet gjekk til barnegruppa Amigos. Prost Leif Endre Grutle knytte god kontakt med små og store da han fekk borna til å låse opp ei spennande kiste – som inneheldt det meste han trong for å illustrere at Gud er ein god far for alle.

Konfirmantane Thea, Una, Emilie og Noa utførte sine mange tenesteoppgåver på beste vis.

Ein flott kyrkjesøndag – og ein verdig finale for ein trufast kyrkjetenar.

 

 

Publisert: 31. oktober 2017, 06:45