Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Takk for oss, ferien er slutt for i år, men…

Jon Olav Ørsal Fredag 31. juli 2020

Vi trefte familien Halle-Jonassen utafor butikken på Matkroken i Todalen. Etter tre vekers ferieopphald på Todalsøra var familien på veg heimover til Skjetten med fullasta bil og tilhengar. No hadde dei vore inne på Matkroken og sagt takk for seg, og var klare til å sette kursen til Kvannefor å få ein ferjetur som dei minste hadde som delmål. 

Familien på 5, der alle har etternamnet Halle Jonassen består av mor Stine, far Morten, storesøster Isabell og tvillingane Hanna og Hedda.  Hanna og Hedda er einegga tvillingar og vanskeleg å sjå forskjell på, men dei var kjappe til å korrigere dersom du tiltala dei feil – rett skal være rett!

Her på Todalsøra (utsikt frå Hegernesset) har familien Halle Jonassen budd og kosa seg i 3 veker. Alle 5 er enige om at dei skal attende så snart det blir ferie igjen. Foto: Jon Olav Ørsal

Familien, eller rettare sagt mora Stine har aner frå Kvanne. – Mora Reidun kjem frå Myrset, like ved Vang skistadion.  I Todalen har dei hatt tilhald i Nygården, der søskenbarnet Leif Arne Ness har sin feriebustad.  Med tre veker på Todalsøra kunne ein kanskje tru at det var godt å returnere til Skjetten?  Men, nei da – vi kunne vore her 3 veker til seier dei alle, nærst i kor.

– Det var så godt å kome til Todalen, seier Stine, som er godt kjent i området etter fleire ferieopphald hos bestemor på Myrset i «gamle dager».  Denne gongen har vi praktisk talt ikkje vore utom Todalen – dere har da så mykje å by på i Todalen, og vi har faktisk vorte kjent med folket her på desse 3 vekene. Folk helsar på oss her, det er vi ikkje vant til frå Skjetten.  -Vi er også imponert over alt dere har fått til her i det lille bygdesamfunnet – vi har vært rundt om kring på sykkel , og gjort oss skikkeleg kjent. Vêret har vi også vore heldig med – sjølv om yr.no har meldt mykje regn, så har det vore bra vêr til uteaktivitetar.  På turen til Todalen har vi med oss ein stor tilhengar med utstyr – mellom anna 5 syklar som har vore flittig bruka. 

Vi har vore veldig aktive og kan nemne turmål i fleng – flotte turar som har engasjert heile familien. Tjønnmyran er forresten ein flott plass også om sommaren, med klatrepark og andre aktivitetar  både for store og små. – Vi var også på sykkeltur til Kårvatn med innlagt fottur til Nauståfossen, og elles både skogsturar og fjellturar med mange forskjellige mål.  Fekk forresten skikkeleg belønning med flott utsikt da vi var på Storhaugen.  Utsikten var også upåklagelig frå Strengen, da heile familien tok turen dit. – Må heller ikkje gløyme Toåa Tursti – eit fantastik anlegg som berre imponerer.  Her har eg og Morten harr mange fine kveldsturar, seier Stine, som kjapt legg til at familien kjem att – kanskje allereie til haustferien eller neste sommar.  Men først må vi seie takk for i sommar, og vi ønskjer lykke på turen til Skjetten…..

Klare til avgang – Kvennaferga er første delmål, med ferjetur over fjorden. Så går turen til Skjetten der familien på 5 har sin bopel. Frå ventre Isabell, Hedda, Stine, Morten og Hanne – alle med etternamn Halle Jonassen Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

 

 

Publisert: 31. juli 2020, 11:16