Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ferjekaia demontert – Takk for lånet!

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. november 2013

Måndag starta demonteringa av den provisoriske fergekaia i Todalen. Den vart etablert i begynnelsen av august i år, ei vekes tid etter at raset ødela fylkesveg 671 inn til Todalen. Den gjorde så tjeneste til begynnelsen av september, da vegen vart opna for kollonnekjøring.

Ferjelemmen var demontert og ei mobilkran lasta elementa på semitraller.   Foto: Jon Olav Ørsal

Ferjelemmen var demontert og ei mobilkran lasta elementa på semitraller. Foto: Jon Olav Ørsal

Den gongen var vegvesenets planer at ferjekaia skulle ligge til sommaren 2014, men på grunn av problema med sjøis på Todalsfjorden blir no ferjekaia demontert og fraakt til Vegvesnets beredskaplager i Skodje, fortel Gunnar Magnus Haugen, som er ansvarleg for landsdekkjande bruberedskap i Statens vegvesen. Der blir den liggjande til sommaren 2014 når dei startar ei planlagt oppgradering av ferjeleiet der. Men derson det skjer noko ekstra, kan den sjølvsagt bli bruka andre plassar i mellomtida, seier Haugen.

Dekket på ferjelemmen blir demontert av folk frå Mesta. Foto: Jon Olav Ørsal

Den midlertidige ferjekaia kom sjøvegen inn til Todalen, etter at den var montert ved kaia på Rykkjem. Måndag var det ei stor mobilkran og fleire semitraller på plass for å frakte utstyret bort etter kvart som folkene frå Mesta fikk unna jobben med demontering.

Klart for demontering og frakting til beredskapslageret på Skodje.  Foto: Jon Olav Ørsal

Klart for demontering og frakting til beredskapslageret på Skodje. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi i Todalen takker i allfall for lånet av ferjekaia, og for god service både frå Vegvesenet og andre som har vore involvert i arbeidet med ferjekaia. Den var oss til god hjelp i perioden etter raset.
Det var nok mange andre også som nytta høvet til ein fin tur via sjøvegen inn til Todalen.

Kan også nemne at ferja «Førdefjord» som gikk i det midlertidige sambandet mellom Todalen og Kvanne i denne perioden, er på god veg til Karibien, og skal inn i trafikk mellom øyane der. Ferja har no fått nytt namn, og heiter  «Admiral Bay 3».

Først publisert: 12. november 2013, 06:00 - Sist oppdatert: 26. november 2013, 06:49