Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tågdalen naturreservat – 14 var på tur…

Tågdalen naturreservat – 14 var på tur…

Vidar Sogge Fredag 20. september 2013

Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag møttest torsdag 19. september ved Dønnembrua, betalte bompengar og køyrde til vinterparkeringsplassen på Austre Nordmarka. 14 stykke følgde Bjørg Bruset til hytta til Ingolf Dønnem, medan resten følgde John Dønheim og Per Bruset på ein runde i Tågdalen naturreservat før også dei kom til hytta hans Ingolf.

Tågdalen naturreservat vart oppretta i 1996, og er særleg kjent for alle orkidéartane sine, 16 i talet. I tillegg er det fleire målestasjonar for grunnvatn og tele og ein klimastasjon. Dette er berre ein liten del av det som går føre seg i Tågdalen naturreservat. Stor takk til Ingolf Dønnem som ønskte oss velkomne til den flotte hytta si, til turleiarane John Dønheim, Per Bruset og Bjørg Bruset, til Malfrid Bostrøm og Bjørg Bruset som spanderte bakels og til Randi Sogge som spanderte trollkrem.

Vi får avslutta med Lars Magnar sine ord: ”The best tur ever” (Samaranch etter OL på Lillehammer). Neste veke møter vi ved rasstaden i Todalsstranda medan vegen er open i tida 11.00 til 11.30 og køyrer til Bruset, for så å køyra opp til lunningsplassen på Bruset. Deretter går vi – ein rundtur opp til Storhaugen og ned om Skarsmyra og attende til bilane – eller går opp vegen mot Skarsmyra, evt. vidare til Storhaugen og ned att same vegen. Matpause på Storhaugen.

Ein bildeserie frå turen finn du nedafor.  Alle foto: Vidar Sogge

Publisert: 20. september 2013, 22:00