Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Taekwon-Do – kulturkveld på Gammelfabrikken

Taekwon-Do – kulturkveld på Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. august 2012

Denne veka er det Taekwon-Do leir for vaksne på Nordmøre Folkehøgskule. Det er ein av tre leirar i sommar, for tidlegare i sommar har det vore leir for ungdommar og neste veke er det sommarleir for barn og foreldre. Det er no 22. året på rad at Surnadal Taekwon-Do klubb arrangerer sommarleir med deltakarar frå heile landet, og i løpet av sommaren er det rundt tusen deltakarar som er innom, fortel eldsjel og leirgeneral Kjell Gunnar Polden.

Akkurat no er det leir for vaksne, og det er samla rundt 400 deltakarar på denne leiren som avsluttar komande fredag. Dei kjører eit hard program kvar dag gjennom veka, med både trening og konkurransar. Onsdag kveld var det difor tid for eit avbrekk, og da var alle over 25 år invitert til Talgøs utstillingssenter «Gammelfabrikken» på grillparty og ein uhøgtidleg kulturkveld. Resten av gjengen hadde alternativt arrangement på NoFo, men rundt hundre deltakarar var med til på arrangementet i Todalen. Polden ønska velkomen og nytta høvet til å orienterte festlyden om Gammelfabrikkens historie og bruk i dag, samt litt om Talgøkonsernets verksemd.

Frå scena i trappoppgangen fekk tilhøyrane framført lokal kultur frå Surnadal og Todalen, der Steinar Larsen trakterte trekkspelet og sonen Oskar Aasland Larsen spela fiolin, medan Kjell Gunnar Polden både song og deklamerte. Vi fekk høre både  «Nordmørsminne» med Polden som solist, ein slått etter Annbjørg Lien, Ole Bull-valsen og cowboyslåtten Redwings med Oskar som solist. Kjell Gunnar deklamerte Halses «Ordskiftet» som ein humoristisk smaksprøve på den todalske kommunikasjonsmetoden. Ei kort korøving vart det også tid til. Kjell Gunnar var organisator og dirigent, og og etter eit kvarters intens øving hadde Taekwon-Do koret si første framføring.

Oskar Aasland Larsen imponerte stort med fela si. Han er 8 1/2 år (snart 9!) og litt av et talent, og hausta velfortjent applaus for spelejobben han utførte. Og han tok da også mot applausen på ein profesjonell måte. Vi får vel sjå og høyre meir til den karen i tida som kjem.

Etterpå serverte  grillgjengen frå Talgø med sjefskokk Jon Olav Roaldset grillmat til heile gjengen. Dei hadde rigga til storgrillen på elvebredda framfor Gammelfabrikken, men måtte evakuere inn under svalgangen da vêrgudane fann det for godt å spe på med nok ein floing som takrennene flaut over.

Nedafor finn du fleire bilder frå kulturkvelden på gammelfabrikken i galleriet nedafor.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 2. august 2012, 00:26