Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

T.I.L. – medlemsfest med skaldyrmeny

Jon Olav Ørsal Sundag 28. september 2014

Laurdag kveld var det tid for medlemsfest for Todalen Idrettslag.  Det skjedde på Pakkhuset Kro, der det var duka for årets store skaldyrfest, og mellom 40 og 50 deltakarar gjorde eit skikkeleg innhogg i skaldyrkoldtbordet som verskapet hadde laga i stand.

Skaldyrfesta2014_7642

Todalingane sette kvarande i stemne på Pakkhuset Kro, da Todalen I.L. hadde skaldyrfest laurdag kveld. Foto. Jon Olav Ørsal

Etter eit år med mykje dugnad er det godt å kome saman og senke skuldrene litt i festleg lag, seier ledar i Todalen Idrettslag Karin Halle til Todalen.no. Det siste året har det vore mykje dugnad og mange aktivitetar. – Vi kan berre nemne lysløypa på Tjønnmyran, Todalsdagen, vakthald på Laksefestivalen, byggjing av treningsstudio og mykje fotball og anna aktivitet.

Publisert: 28. september 2014, 10:10