Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tøff  avgjørelse.

Tøff avgjørelse.

Elinor Bolme Sundag 18. juli 2010

I mange jobbar krevst det tøffe avgjørelsar. Ein av dei jobbane er dei som har vedlikehaldet på vegane våre. Ein dag eg var på tur på arbeid vart eg ståande å vente ved Brusetbrua, fordi det var ein som dreiv å fylte att hola i skøyten på brua. Tenkte ikkje så mykje over det der og då, men på tur heimatt vart eg påminna igjen. For jaggu hadde ikkje vedlikehaldsmannen gjort ein innsats i Pilskardkrysset og. For dei som ikkje er riktig så lokalkjendt, så er det krysset på Halle som tek ned til skulen.

Her er det frykteleg dårleg vegstandard. Hola ligg tett i tett, men ikkje så tett att det er vorte til eit stort hol enda. Men om det vart betre etter at mannen med oljegrusen for, kan eg nok ikkje seia.  Av dei om lag 15 hola som befinn seg i krysset, hadde han tetta 3…

Makan til tøff avgjørelse, tru korleis tankegangen var her? Hadde han fått beskjed om kun å bruke eit viss antall kubikk i Todalen denne dagen, eller var det berre eit viss antall hol han skulle tette? I så fall kva for hol skulle han velje? Her hadde eg sikkert vorte oppsagt, for eg hadde nok bruka opp all oljegrusen min på Pilskardet denne dagen.

Men det er vel difor vi har anbud på det meste innan slike tenester no for tida. Mest mogleg for minst mogleg, og då vil det nok bli att nokre hol å tette.

Først publisert: 18. juli 2010, 21:00 - Sist oppdatert: 14. juli 2010, 23:34