Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Syng med oss

Syng med oss

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. april 2010

Onsdag kveld arrangerte Todalskoret «Syng med oss» i Ungdomshuset.  Mellom 40 og 50 hadde funne vegen til Ungdomshuset for å ta del i songkvelden, der det var både korsong, allsong og anna underhaldning.

Todalskoret song frå sitt eige reportuar, medan allsongen var lagt opp som ein slags ønskekonsert der dei kunne velge frå tekster som var lagt ut. Det er triveleg med song, og sjølv om vi kunne ha vore fleire i Ungdomshuset denne kvelden så var det ei triveleg stund for oss som var der.

I kaffepausen var det anna underhaldning. Synnøve Helland gjorde lykke med sine Sunnmørshistorier som hadde sitt utspring i Arill Riises bok med same tittel. Bernt Bøe viste lysbilete rundt omkring frå både Nordmøre og andre plassar, og dette var lagt opp som ein enkel «quiz» der det gjeldt å finne ut kvar motiva var henta frå.

Lotteri hører også med i slike samenhengar, og denne kvelden var det utlodding med mange fine gevinstar. Loddsalget gav ca 6 tusen kroner som kjem godt med i kassa til Todalskorets drift.

Først publisert: 21. april 2010, 23:30 - Sist oppdatert: 22. april 2010, 08:00