Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svorka sjekkar linjene med helikopter

Jon Olav Ørsal Tysdag 17. desember 2013

Fleire rundar med storm og mykje styggvær i haust har sett Svorkas linjenett på ein skikkeleg prøve. Nokre linjeskadar har det vore, men stort sett har det dreid seg om trefall over linja. No vil Svorka Energi ta ein sjekk på linjene, før det blir full vinter.

Illustrasjonsfoto - Foto: Arild Solberg

Frå helikopteret har ein godt utsyn over linjenettet, og det går raskt. Foto: Arild Solberg

Dersom linja er påført skadar er det viktig at vedleikehaldet blir sett inn der det trengs best. Derfor vil det denne veka, onsdag 18 og torsdag 19. desember bli sett inn helikopter i dette arbeidet. Da vil eit heleikopter frå HeliScan gå over straumnettet både i Halsa, Rindal og Surnadal. Det vil nok ta ein svipptur til Todalen også, ein av desse dagane.

 

 

Publisert: 17. desember 2013, 21:36