Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Svorka sjekkar kraftlinja

Svorka sjekkar kraftlinja

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. oktober 2010

Laurdag morgon var det nok mange som lura på kva foregikk når eit orange helikopeter flaug på kryss og tvers rundt heile bygda. Løysinga på gåta er nok at Svorka Energi nyttar helikopter til å sjekke kraftlinja. Dette er nok effektivt å få gjort med helikopter, der ein kan synfare både visuelt og med varmesøkjande kamera.

Det er nok fornuftig å rette eventuelle linjefeil no, før vinteren sett inn for fullt. Belastninga på linjenettet vil nok bli større etter kvart no, når vi tek til å slå på varmeovnane for fullt.

Publisert: 30. oktober 2010, 11:11