Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svinviks arboret – godt å være i gang med ny sommersesong

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. mai 2018

Sjølv om vi ikkje akkurat kan seia at det bugnar med blomster i Svinviks arboret enno, så er iallfall rododendronblomstringa i gang til opninga i dag. Sjølv om det er lunt og godt i arboretet er nok våren litt på etterskot enno i år, men med fleire fine sommardagar så skjer ting fort i arboretet no.

Vinteren har vore lang og kald, men no er blomstringa i gang, fortel Katarina Wedelsbäck Bladh som er fagleg ansvarleg i arboretet. Foto. Jon Olav Ørsal

I arboretet finns det rundt 400 forskjellige slag med rododendron, og nokre av dei er alt komne i blomstring. Denne vinteren har forresten vore litt spesiell, fortel fagleg ansvarleg Katarina Wedelsbäck Bladh. Uvanleg lang og kald vinter, med tørke og frost så seint som i mars har ført til skade på ein del rododendron både i arboretet og i private hagar i området. Dette har og ført til at rododendron er litt seint ut med blomstringa, men no er dei tidlegaste sortane komne i gang.

Dagleg leiar i Svinviks arboret fortel at dei alt første dagen får besøk av den første gruppa som skal ha omvising i arboretet, og det strøyma på med folk utover første opningsdagen. Hektisk var det også i kafeteriaen der Hilde Staveli Solli og Sara Forslund skal råde grunnen i sommar. Her var den første eplekaka kome ut frå steikeomnen, og klar for servering til kaffetørste gjestar på besøk i arboretet.

Sara Forslund og Hilde Staveli Solli skal råde grunnen i kafeteriaen i sommar – og dei kjem nok til å ha noko godt til kaffen. Foto. Jon Olav Ørsal

Maja fortel at dei arboretet har mykje å by på i sommar, da det skal være konsert i samband med Vårsøghelga. Dei kan også by på ny informasjonsbrosjyre om arboretet som er i trykken og som får premiere i løpet av neste veke.

Blomstringa er så vidt kome i gang, men med meir varme so vil det nok bli fortgang på blomstringa. Foto: Jon Olav Ørsal

I staudebeda er dei første blomstrane på veg. Foto: Jon Olav Ørsal

I dag opna Svinsviks arboret for publikum – i sommar er arboretet ope onsdag – søndag mellom mellom 11 og 17 – i jule er det langope til kl 20 på onsdagar. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 12. mai 2018, 12:49