Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

SuSu med haustaktivitetar for næringslivet

Jon Olav Ørsal Måndag 10. september 2018

Den vellukka familiedagen i Svinvika markerte på mange måtar både slutten på den første 4-årsperioden og starten på den andre perioden. SuSu-prosjektet fortsett å jobbe med å få til ein døgnopen region og eit næringsliv i vekst. I den første perioden er det skapt rundt 150 nye arbeidsplassar  i Surnadal og i Sunndal kommune som ein kan seie har kome i kjølvatnet av SuSu-programmet.  – Målet er slett ikkje mindre ambisiøst for neste periode fortalte styret i SuSu på ein pressekonferanse forleden. I veke 39 blir det mange aktivitetar på begge sider av todalsfjorden, der næringslivet blir sett i fokus.

I veke 39 er det lagt opp mange aktivitetar der ein satsar både på å styrke bedriftene som alt er i gang, samtidig som ein prøver å oppmuntre og hjelpe nye gründere å kome i gang. denne veka blir det altså variert program med både kurs, infomøter og  foredrag. seinare i haust blir det studietur til Raufoss og på nyåret blir det karrieredag.

25. september er det Hoppid-kurs «Frå ide til marknad» som er eit kurs som er mynta på bedrifter/gründere som alt er i gang.
26. september er det nytt Hoppid-kurs – «Starte bedrift?» Det er eit lavterskelkurs, som har siktemål mot nyetableringar.
27. september arrangerast det styrekurs – med sikte på funksjon både for etablerte bedrifter og offentlige bedrifters styrer.
27. september SuSu Connect – infomøte med tanke på å informere om muligheter med tanke på tilgang på tilskotsmidlar
28. september – frokostmøte på Hydro – arrangør er Sunndal Næringsforening.
25.-26. oktober ligg det an for studietur til Raufoss, der bl.a. besøk på Raufoss Industripark står på programmet.
Meir info om stad, påmelding, pris etc. for disse arrangementa finn du på linken https://suns.no/arrangement/susu-idefestival-program-for-uke-39/

Elles er forskning og heving av kompetansenivå satsingsområde i den nye 4-årsperioden. Det er avdekt at fleire bedrifter har behov for arbeidskraft med rett kompetanse. Med andre ord kan ein seie at vi går ei spanande framtid i møte, men samtidig litt trygt at det blir satsa på å møte framtida på eit positivt og målretta arbeid.

Publisert: 10. september 2018, 06:41