Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal Sparebank inviterer til næringslivsdag med spennande program

Dordi Jorunn Halle Torsdag 16. januar 2020

 «Dette er ein viktig og spennande dag for banken vår; – årets happening!» – slik omtalar banksjef Allan Troelsen næringslivsdagen som Surnadal Sparebank arrangerer for 17.  gong torsdag 5. mars i Surnadal kulturhus. «Vi arrangerer dagen med ønske om at dagen skal vera til inspirasjon og glede for lokalsamfunnet.» Programmet viser at det blir ein dag med allsidig innhald med fokus på grønt skifte og berekraft.

Næringslivsdagen skal vera ein møteplass for næringslivet på Nordmøre og regionen rundt og skal legge til rette for å bygge realsjonar. Ønsket er å gi motivasjon og energi til vidare arbeid. Men konferansen er ikkje berre profesjonelle aktørar, næringslivskonferansen er open for alle interesserte!

Marianne Meløy er ny konferansier

Liv Dalsegg er markedssjef i banken, og ho kunne presentere eit program med interessante foredragshaldarar. Banksjefen opnar næringslivsdagen med velkomsthelsing og orienterer om aktuelle banktema før han gir ordet over til årets konferansier Marianne Meløy. Ho er skodespelar ved Trøndelag teater, skribent og kåsør, og godt kjent i Surnadal. Ho har hatt programinnslag under Stangvikfestivalen mange gonger og delteke på Kleivakveld. Ho er eit fyrverkeri og vil nok krydre dagen med mykje humor.

Første og yngste foredragshaldar er Lars Olav Løseth frå Alti – lokal representant som akkurat har starta karrieren sin i næringslivet i Surnadal. Etter Løseth kjem makroøkonom Jan Andreassen frå Eika-gruppa, han er med kvart år og er utruleg flink til å formidle budskapet sitt på ein humoristisk og uformell måte.

Line Lønning Andresen er operasjef i Kristiansund, ho ønsker å knyte sterkare band mellom operaen og Indre Nordmøre. I denne sekvensen blir Surnadal sparbanks utviklingspris utdelt for 17. gong.

Tidlegare sjef Innovasjon Norge, Anita Krohn Traaseth, skal ha innlegg om eit svært aktuelt tema: Det grøne skiftet – berekraftig utvikling.

Kva inneber grønt skifte i praksis?  Det er tittelen på foredraget til Lene Trude Solheim frå Ulsteingruppa. Ho har erfaring med å gjennomføre og praktisere grønt skifte – det må vera eit tema midt i blinken for alle!

«Kan oljeproduksjonen vera berekraftig?» det er spørsmålet Ola Borten Moe, politikar og medeigar i oljeselskapet Okea, skal ta for seg. Mange i Surnadal har jobbar relatert til oljenæringa så dette er eit høgst aktuelt tema både her i bygda og for heile regionen.

Gjert Ingebrigtsen, ein artig fyr og kjent for alle, avsluttar næringslivsdagen. «Korleis skape ein verdmeister?»  – korleis kan ein utnytte talentet sitt og bli god – det er han ekspert på.

Dette blir ein dag fylt med spennande tema og dyktige og interessante foredragshaldarar! 

Meir å lese om næringslivsdagen på nettsidene til Surnadal sparebank, og påmelding kan skje her: https://ext.mnm.as/s/4168/11157

 

Publisert: 16. januar 2020, 15:02