Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal sparebank 175 år – storsvær gebursdagsfeiring!

Dordi Jorunn Halle Sundag 3. september 2017

Banksjef Alan Troelsen ønskte alle vel møtt til folkefesten. Han har god grunn til å vere riktig godt fornøgd med arrangementet – både med oppslutning og opplegg! Foto: Dordi J H

Tiande september fyller  Surnadal sparebank heile 175 år, og laurdag inviterte Surnadal sparebank til stor folkefest på Skei. Det vart ei knallbra og triveleg jubileumsfeiring med mykje folk, flott underhaldning og retteleg godver!  Banksjef Allan Troelsen ønskte alle velkomne og syntest det var kjekt at så mange ville vere med på bursdagsfeiringa. Han kunne fortelje at utgangspunktet for banken var dei fire kornmagasina i dalføret, der vart det frå 1824 samla korn til lagring i gode år til å nytte når det var dårlege kornår. I 1842 vart kornet seld, og salssummen vart startkapitalen for banken. Banken følgjer tradisjonen frå kornmagasintida og vil hjelpe kundane sine til å spare pengar i gode år for å ha i beredskap til mindre gode år. Banken har no 15 000 kundar, og målet for banken er framleis å vere ein sjølvstendig, sterk og lokal sparebank. «Vi skal vera forankra i fortida, men på nett med  framtida», fastslo banksjefen. Og vil ein lese meir om historia til banken, kan ein gå i banken for å få jubileumsboka: «Bankboka, Surnadal sparebank 1842 – 2017.» 

Veteranar i bankdrift – dei har alle lang fartstid i banken. Frå venstre Maret Heggset, Jarle Røkkum og Per Kristian Øye. Jarle jobba først i Stangvik sparebank, og han kjørte bankbuss i Todalen i mange år. Her viser dei fram utdatert bankutstyr. Foto: Dordi J H

Maren Ansnes og May-Elisabeth Holten var glade for vinnarsjekken på 3000 kroner til Sanitetsforeninga. Ragnhild hadde koka grauten og Anne Helene hadde steikt bakels. Foto: Dordi J H

Todalen sanitetsforening vart «Surnadalsmester i bakels og graut» !

Tradisjonar er viktig for Surnadal sparebank, og derfor inviterte dei til kåring av «Surnadalsmester i bakels og graut» da dette er ein rett «som i mange generasjonar har vore servert til dugurd, slåttamat, barnedåp, konfirmasjon, bryllaup og kaffeslabbers». Ti lag og foreiningar deltok i mesterskapet: Todalen historielag, Surnadal bygdekvinnelag, koret VOX, Kvanne grendelag, Surnadal sanitetsforening, Øvre Surnadal sanitetsforening, Todalen sanitetsforening, Halsa bygdekvinnelag, IL Søya og Surnadal Røde Kors hjelpekorps. Jurymedlemer var Frode Alnæs, Britt Grete Moen og Erlend Lund. Kriteria for vurdering av grauten var utsjånad, konsistens, lukt og aroma, smaksoppleving og kombinasjonen graut/bakels. Juryen var samde om at konkurransen var svært jamn, dei hadde smaka på berre velsmakande graut og gode bakels. Men Todalen sanitetsforening vart vinnaren! Premien var 3000kroner, og viss sanitetsforeninga vil, kan dei få med oppskrifta si i den neste kokeboka til Britt G. Moen. Vi gratulerer!

Grautjuryen i arbeid. Frå venstre: Frode Alnæs, Britt Grete Moen og Erlend Lund. Utvalget var stort og godt! Foto: Dordi J H

Kreativ grautpynting med symbolet til bankane i Eikaalliansen. Foto: Dordi J H

Lag og organisasjonar på stand

Todalen idrettslag med flott stand på jubileumsplassen. Frå venstre: Steffi Bohle, Steinar Frøystad, Michal Heimlund og Torkjel Ansnes Moe, Foto: Dordi JH

Representantar frå tre av sanitetsforeiningane i kommunen. Frå venstre: Liv Harang, Margit Fugelsøy, Maren Ansnes, May-Elisabeth Holten, Siri Vullum, Britt May Hollås. Foto: Dordi J H

Banken er glad for at det er eit rikt lags- og organisasjonsliv i regionen og som dei støttar med sponsing og tilskott. Desse var inviterte til å presentere seg med stand og aktivitet på jubileumsplassen. Her var det mykje interessant å sjå og prøve, ein kunne mellom anna teste golfferdigheit og smake på ulike produkt.

Frå venstre ser vi Martin, Marianne, Sarah, Carina og Mari. Dei har jobba med elevbedrift på Øye skule og dyrka mange forskjellige grønsaker som var fint anretta og som vart servert med god dipp. Eit godt alternativ til kaker og søte saker. Foto: Dordi J H

Triveleg på stand til Norsk vandrefestival med kaffekoking i svartkjel og matlaging med produkt frå naturen. Det smaka utmerket! Foto: Dordi J H

Servering og show

Til bursdag hører det med å servere både kake og pølse med brød. Bursdagskakene var mange, store og gode – og alt gjekk unna. Likeså var det servering av pølser med brød, saft og kaffe i store mengder. Her var det bursdag på ordentleg! I tillegg var det musikalsk show frå scena med lokale artistar som Batteri, Torstein Snekvik og Øyvind Weiseth.

Skikkeleg kakebord hører med på bursdagsfest. Foto: Dordi J H

Batteri med reunion i anledning jubileumsfesten og var «husband». Dei akkompagnerte også alle kora. Frå venstre: Stein Boge, Sondre Skogset, Hans Olav Settem, Oddbjørn Sponås og Brage Kristian Einum. Foto: Dordi J H

Det store korslaget

Bankkoret. Dei tilsette i banken hadde eige kor i lag med Frode Alnæs som også var dagens konferansier. Jo Inge Nes hadde vore instruktør undervegs. Foto: Dordi J H

For tredje gong arrangerte banken det store korslaget, og her stilte Frode Alnæs, Elisabeth Andreassen, Ulf Risnes, Dag Ingebrigtsen og Rasmus Rohde med kor som var samansett for anledninga, eitt kor til kvar artist. Artistane og kora imponerte – det var rett og lett kjempekjekt å vere publikum! I juryen som skulle kåre beste koret, sat Torbjørn Larsen, Tor Rune Halset, Kjersti Mahle Brøske og Øyvind Weiseth. Premien til beste kor var 15000 kroner som vinnaren skulle gi til eit godt føremål.

Team Rasmus og «Verdens beste barnekor» med Janne Husby som instruktør. Ungane kunne tekstene og song med liv og lyst! Dei fekk ein sjekk på 3000 kroner som dei ville gi til «Sykehusklovnene». Til høgre  Rasmus Rohde. Foto: Dordi J H

Koret «Team Dag» – dei vann heile korslaget – og fortent! Else-May Botten var instruktør. Her var det både nydeleg song og forrykande show. Dei gav premien til Redd Barna. Foto: Dordi J H

«Team Ulf» med Ulf Risnes og Linda Botten. Foto: Dordi J H

«Team Bettan» med Elisabeth Andreassen og Dagrun Løseth. Her framfører dei «La det swinge» som Bobbysocks vann Melodi Grand Prix med i 1985. «Det forandra livet mit», sa Bettan. Foto: Dordi J H

Ein gammel slager: «Forelska i lærere’n» – Dag Ingebrigtsen var i storslag. Foto: Dordi J H

Gebursdagsfesten til Surnadal sparebank vart ei storslagen og triveleg folkefest!

Vi gler oss til 200-årsjubileet!

Publisert: 3. september 2017, 00:21