Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stronk å strakja!

Stronk å strakja!

Elinor Bolme Sundag 10. juli 2011

Tone Søyset Døving  var overvelda over at Todalen kyrkje i kveld var fullsatt, med bortimot  180 frammøtte som hadde teke turen for å oververa konserten med henne og Trygve Brøske. Det vart ei reise med Tone som artist gjennom 30 år, med den spede start som 6 åring i nettopp Todalen Kyrkje og fram til notidas opptredenar av ymse slag.  Ho har ved tidlegare høve hatt mange opptredenar i nettopp Todalen Kyrkje, men i kveld med sin aller første solokonsert.

Med seg på laget hadde ho Trygve Brøske som stod for det instrumentale, og for eit passeleg utrena øre kan eg ikkje sjå at det finns så mange over han i musikkverdenen. Han trakterte heile 4 tangentinstrument undervegs, der han mest truleg bruka tre av dei samtidig! Dei har sidan tidlege ungdomsår vore i lag musikalsk, med dei første opptredenar ilag gjennom kulturskulen i Surnadal. Etterpå gjennom gruppene Piraia, At present og Famntak for å nemna noko.

Tone har vore delaktig i så mangt, frå landsfinale i ungdomens kulturmønstring, Lady Arbuthnot, Riksteater, Spellemannsprisen 2008, og ikkje minst suksessen Famntak som så langt har resultert i 2 cd utgivelsar basert på Hans Hyldbakk sine dikt. Derav og overskrifta «Stronk å strakja», som vi finn att i ei av verselinjene av «I slåttatæja» som Tone og Trygve framførte i kveld. Og for den som ikkje er riktig så stø i desse lokale uttrykkja, så betyr det «med løfta hovud og strak rygg». Og det er verkeleg lov, og ikkje minst fortjent, etter ein slik fantastisk konsert.

Alle foto Elinor Bolme

Publisert: 10. juli 2011, 22:34